Romslo dyrkingsflate

Lokaliteten ligg på Øvre Romslo på eigedomen gnr. 274, bnr. 1, i Bergen kommune. Lokaliteten er ein førreformatorisk dyrkingsflate definert av dei fem funnførande prøvestikka TG1, TG2, TG3, TG4 og RH1. Lokaliteten ligg i lett nordvestleg skrånande terreng rett vest for E16 Hardangervegen, og er avgrensa av funntomme prøvestikk i alle retningar. Totalt er det grave 33 prøvestikk i området på og rundt lokaliteten. Massane frå nokre av stikka vart sålda i resultatlaust søk etter gjenstandar.

Prøvestikket TG4 ligg sentralt på lokaliteten. Her er 12 cm med torv, før ein kom ned på matjordlag, så eit lag av grå silt og sand. Under dette låg det eit mørkt raudbrun og svært humushaldig lag med klebrig tekstur og trekolfragment (lag 4). Dette er vurdert som eit dyrkingslag, og det vart teke ut ei trekolprøve (278044VP34, beta-597552) som resulterte i datering til 1902-1741 f. Kr, seinneolitikum-eldre bronsealder. Det var berg i botn under lag 4.

Gravd ut i 2022.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/278044
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2416825&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2021
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.571W, 60.426S, 5.572E, 60.427N); Bergen