Fetts fk. nr. 1/1

Plasseringa av ei stor røys georeferert etter utskiftingskart datert 1899. Røysa har ligge på ei høgde søraust for Campingplassen, som danner vestbredden av ei førhistorisk elveos. Dette er ei av dei store gravrøysane som er nevnt av Per Fett. Røysa var antagelig rydda vekk mellom 1899 og 1910. I 1970-åra blei det grove fundament for ei campinghytte (hytte nr. 1 iflg. nåværande grunneigar). Ved gravinga dukka det opp ei skålforma spenne som ble overlevert fylkeskommunen ved registreringa av nærliggande områder i 2021. Skålspenna er av typen R 647 og Petersens type D variant 3 og kjem antagelig frå ei kvinnegrav frå begynnelsen av 800-talet. Den har ein identisk paralell frå Nordre Toten (C60420). Spenna blei funne lengst nord i lokaliteten, omtrent 2,5 meter frå plassen der gravrøysa skulle vært.

Det er fleire røyser som kan være både grav- og rydningsrøyser på utskiftingskartet frå 1899. Nokre av dei har nok inneholdt funna som er beskrive av Per Fett. I følge grunneigar skal Bergen museum og Per Fett hatt ei utgraving av ei røys som ligg 74 m sørvest for denne lokaliteten og 46 meter aust for våningshuset på gbnr.73/59, der det i dag står et lite skur.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/92528
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2494266&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2005
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.169W, 62.263S, 7.169E, 62.263N); Fjord