Rollandslia lok. 3 består av eit dyrkingslag. Lokaliteten er 31 m². Dyrkingsspora, S3.1, er
funne i sjakt 3. Sjakta er 3 m brei på det breiaste og 30 m lang (90 m²). Lokaliteten ligg på
den store opne marka vest for skulebygget, mellom bergknausar. Den er avgrensa av berg i
vest og aust. I nord er den avgrensa av enden på dyrkingslaget og undergrunn rett på berg. I
sør forsvinn dyrkingsspora inn i veiter og myr. Lokaliteten er avgrensa her grunna at ein ikkje
kan sjå dyrkingsspor i det forstyrra området eller over myra.
Mørkebrun og svart, feit silt og sand. Kolhaldig. Litt flekkar med lyseoransje og lysegrå silt. Startar tynt i nord og blir tjukkare mot sør. Tatt prøve, men var ikkje kol i den.