Nipasete

Stadnamnet Nipasete som på kartet er plassert 260 meter ANA for tufta. Tufta viser på både flyfoto og på LIDAR. Ligg på omlag 1030 m.o.h. ca. 150 meter NNV for eit mindre vatn som heiter Nipavatnet. I fylgje "Stølar i Ulvik" skal det vera lensmann Lars Larsson Ose som fekk bygt støl og støla her før 1832. Ut frå flyfoto og LIDAR er måla på tufta omlag 5 x 5 meter med eit indre mål på ca. 2,5 x 2,5 meter. Stein i SSA del av tufta kan gje inntrykk av at tufta er nokre meter lenger i NNV-SSA retning. Ein bekk renn forbi ca. 5-6 meter mot ANA.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/287596
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2636959&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.082W, 60.599S, 7.083E, 60.599N); Ulvik