Bildøy-lok15

Lokaliteten ligg sørvendt og strekk seg frå 10-17 mo.h. På lokaliteten veks det furu og tett vegetasjon med einer, lyng og gras. Tre prøvestikk er greve 10-12 m.o.h. Dei ligg ved det som har vore ein liten, fin vik i yngre steinalder. Her er det lett skrånande terreng, avskjerma av fjell i nord og vest. Mot sør skrånar terrenget ned mot ei flate. Dei tre andre stikka ligg høgare oppe der terrenget flatar ut på 16-17 m.o.h. Totalt er det 5 funnførande prøvestikk. Råstoffsamansettinga er flint, kvartsitt, kvarts og rhyolitt. Alt er avslag. Funn av rhyolitt viser aktivitet i tidlegneolittikum.Dei høgastliggande prøvestikka er dominert av flint. Desse funna kan strandlinjedaterast til tidlegmesolitikum.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/160875
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=130760&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2012
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.097W, 60.360S, 5.098E, 60.361N); Øygarden