Skålgropstein i Valdres

Skålgropfunn? For nokre få år sidan las eg ein artikkel om skålgroper ein annan stad i Valdres, og då kom eg til å tenkja på ein stein i utmarka her i grenda. Steinen har nokre små groper som det er lite truleg at naturen sjølv har laga. Det er cirka 20 små groper på steinen, gropene er frå 3-5 cm i diameter. På biletet har eg fyllt vatn i nokre av dei, for å få dei tydelegare fram på bilete. Steinen ligg på ein liten graskledd voll på Fjørungstølen i Skakadalen. Staden ligg i det området der Skakadalen, som er ein hengane U-dal, munnar ut i hovuddalføret. Før skogen vaks til, var det vidt utsyn frå denne staden sørover Valdres. Kan denne seinen vera ein stein med gamle skålgroper?

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/20195
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=38784&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Innlandet fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.505W, 61.118S, 8.505E, 61.119N); Vang