Langebakk

Innhogge årstal på ein bitte liten horisontal ufsekant. I Johan Stomnås: "Finsland" band II Nærings- og kulturlivet s. 436-437 (med bilete) står det at det innhogne årstalet er 1682, og det er dette det ser ut som. Men i Johan Storaker: "Sagn og gaader" står det feilaktig at årstalet er 1697. Segna seier at her blei drepe ein mann på veg til eller frå eit bryllaup på Espeland. Det går ein godt synleg gangeveg direkte mellom Stomnåsen og Espeland. Johan Stomnås gissar på at den drepne må ha vore Jon Bårdsson Djupesland som blei drepen i 1681 (det blir i så fall eitt år for tidleg, men det kan ha vore like før årsskiftet). Johan Storaker skriv at mordaren heitte Jon Tykesson Djupesland. Det ligg eit takstein-brot over årstalet. Årstalet ligg rundt 4-5 m opp frå kanten av eit tidlegare dyrka jorde. Årstalet ligg samtidig rundt 48 m frå gardsvegen, målt langs kanten av det tidlegare dyrka jordet.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/173233
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=136353&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2014
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.608W, 58.317S, 7.608E, 58.317N); Kristiansand