Bautasteinen er kring 2,20 m høg. Største breidde nede på steinen er 0,55 m. Øvst er steinen 0,20 m brei. 1,70 m frå bakken går det eit hakk inn i steinen, dette hakket går 7 cm inn. Den fulle breidda nedanfor hakket er 0,32 m. Ovanfor hakket er steinen 25 cm brei. Tverrsnittet på steinen er tilnærma triangulært med den spisse sida mot V. Mot O er han 0,15 m tjukk. Steinen er orientert O-V. Steinen er noko øydelagt i toppen der det før nemnde hakket går inn.Over hakket er steinen kløyvd slik at breidda her vert berre 0,08 cm. Langs den skarpe kanten på steinen i V er det fire mindre hakk, 3-4 cm djupe. Hakka er spreidd heller jamnt nedover sida. Steinen er plassert i ei lita forhøging på bakken, der nokre steinar er synlege. I følgje grunneigaren er steinen blitt noko retta opp i seinare tid, men han hallar framleis noko mot O. Heilt inntil steinen er det lagt nokre mindre steinar til å stø han opp med. Sjølve forhøginga er kring 2 m i tverrmål og kring 0,4-0,5 m høg.
13.01.2026: Avvik på polygon. Flyttet til korrekt posisjon - Thomas Paul Ingrassia VLFK