Tostølen

Tostølen kleberbrot ligger ca. 300 m sør for stølen, i nordsiden av et serpentinittberg med utstrekning ca. 80x70 m (fra flyfoto)

Utdrag av tekst fra Sveinung Klyve sin bok «Far etter folk i Vossafjell, 2023. Tostølen og Kljåsteinberget kleberbrot Tostølen hadde gode beiteområde tidlegare, og det er bra med fisk i tjørnane i området. Ca 500 m (300 m?) før stølen finn du ein kleberknolt, der det er tydlege spor etter uttak av mellom anna gryter. På garden To skal det vera ting av kleberstein som kjem frå berget der inne. Om lag 1 km (500 m?) nord for Tostølen ligg Kljåsteinberget. Berget merkar seg ut ved at det er utan vegetasjon og raudleg på farge. Her vart det teke ut kleber i eldre tider. Det vert fortalt at klebersteinen som vart nytta til rammer kring korbogen og glasa i Vangskyrkja kom herifrå. Folk meiner at steinen vart boren opp til Auboraskaret og deretter transportert vidare med hest og slede over Skorsetvatnet, til Bjørgås, Edal , Kolle og til Oppheim i Vestbygda. Derifrå til Bulken og på isen over Vangsvatnet. Det vert sagt at munkar bar kleberstein i eit slags fatle eller selar, og namnet Munkaløypet kan ha samanheng med det. I 1908 vart det inngått leigekontrakt mellom gardane på To og advokat Blaauw frå Bergen om 25 års gruvedrift i Kljåsteinberget. Blaauw hadde planar om å byggja togbane ned til Århus ; ei strekkje på fleire km. Bana vart aldri bygd, og det er lite spor å finna etter gruvedrift. Kjelde: Evangerboka.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/304336
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2923197&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.148W, 60.713S, 6.148E, 60.713N); Voss