Lokaliteten er definert av ei sjakt med bredde og lengde på 31x3 m, ligg på ca 76-82 moh og omfattar 102,7 m2. Matjorda i sjakta er omkring 20-40 cm tjukk. Undergrunnen består av lys brunoransje silt med få store steinar og små områder med steril leire. Førekomer eit noko eldre dyrkingslag sporadisk i sjakta. Laget ligg rett under matjorda og er inntil 20 cm tjukt. Sjølve djupna på sjakta ligg på 50-80 cm. Her blei og funne to flintbitar. Sjølve sjakta blir avgrensa av ei gardstun i vest, det ligg omrota massar i sør og topografisk avgrensing i aust.
Lokaliteten har dyrkingsspor som opptrer sporadisk gjennom sjakta. Lag 1: Torv og porøs matjord. Lag 2: Mellombrun, silt sand, småstein og noko kol. Lag 3: noko lysare raudbrun, silt sand. Lag 4: Lysebrun leire. Lag 5: lysegrå grus. Lag 6: oransjebrun silt sand, undergrunn. Det blei tatt ut dateringsprøve frå dyrkingslaget.