Flesland - Fetts fk. 1 og 2, Sjoarstykket

Fetts fk. 1, Nausttuft. Ei omlag 40 m lang og 8-10 m brei nausttuft, orientert N-S, ligg på Sjoarstykket ved hamnevika Fløyte. Ho har utsjånad som eit avlangt, djupt søkk i bakken. Rett O for tufta går den gamle sjøvegen ned til vika. Nedre kant er skoren gjennom av ein O-V gåande stikkveg, bygd i seinare år. På oversida av stikkvegen skjer ein 3-5 m brei voll seg inn mot O til midten av søkket frå den staden der gravrøysa ligg, slik at tufta her smalnar av. Nedanfor vegen, nær sjøen, ligg eit moderne naust i forlenginga av tufta. Det er idag uråd å sjå om tufta fortset ned til sjøen på nordsida av stikkvegen. Fleire store steinblokker ligg i dagen i søre kant av tufta. Desse er truleg rester etter veggmuren i naustet. Fetts fk. 2, Røys. På eigedomen til Asbjørn Midttun gnr. 109/8 ligg ei røys 6-8 m V for nausttufta og 20 m SSV for det nye naustet i nordre del av tufta, på ein låg knaus rett ovafor den nemnde stikkvegen. Røysa kan ha vore 10-12 m i tverrmål, no svært redusert, omrota og overgrodd. Ei open kiste, mannslang O-V, eller mogleg 4 m lang, bygd av store steinar. Ei stor helle ligg attmed. I kista skal det vere funne ei reimspenne.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/25776
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=160351&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Universitetsmuseet i Bergen
Publisher Askeladden
Publication Year 2009
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.208W, 60.291S, 5.208E, 60.292N); Bergen