Nordmannsvegen, Nerstølskleivan

Køyreveg, bygd i 1850-åra, skipa i 1880, i allmenn bruk til 1924. Kleiva nedanfor Øvre Nerstøl heiter Haugebròtet og var ennå i bruk som gardsveg for Øvre Nerstøl fram til 1970-åra. Kleiva ovanfor Øvre Nerstøl heiter Saksebrokkå som har namn etter to steinblokker som stod på kvar side av vegen øvst i kleiva og danna ei ovstor soks (= saks), men dei blei bortsprengde i 1915. Begge kleivene heiter til saman Nerstølskleivan. I 1924 blei Nerstølskleivan lagde ut til bruk som privat veg. Det vil juridisk seia at det offentlege (her: kommunen) eig veggrunnen, og at private har fått vedlikehaldsansvaret. Nerstølskleivan var ei strekning av Nordmannsvegen som gjekk slik: Fjotland - Vordalen - Haddelandsheivegen - Eikjen - Skeie - Kvålesheivegen - Vårdalsdalen - Byremo - Øvre Ågedal - Nordmannsvegen (Skogsheivegen) - Bjelland - Hesså - Kjeddingnesstøè - ferje - Mannflå - Nordmannsvegen om Finsland - Djupesland - Øvland - Spikkeland - Greibesland - Stallemodalen - Honndalen - Austre Fidje - Røyros - Aurebekk - Strai - Kristiansand. Etter 1780 gjekk dei frå Stallemodalen ned til Under Åsen, fylgde Songdalsvegen ut til Nodeland, og gjekk over Groheia til Krossen ved Kristiansand. Etter 1830-åra gjekk dei frå Mannflå langs Songdalsvegen til Nodeland og over Groheia til Krossen ved Kristiansand. Seinare kom det fleire omleggjingar..

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/181009
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=142058&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.339W, 58.453S, 7.341E, 58.454N); Hægebostad