Lokaliteten består av dyrkingsspor frå merovingartid som ligg på den dyrka marka på gbnr. 86/2. Den avgrensast av vegen som går rett nordaust for sjakta. Mot søraust er det ei negativ sjakt og mot nordvest er det eit parti i sjakta som ikkje er funnførande. Den er ikkje avgrensa mot sørvest, og det er høgst sannsynleg at dyrkingsspora held fram i denne retninga. Terrenget er tilnærma flatt.
Lokaliteten består av dyrkingslag som er synleg i deler av sjakt 3. Dyrkingslaget ligg i sørvestleg del av sjakt og profil men held ikkje frem i heile sjakta mot nordvest. Det vart ikkje observert i profil mot nordaust og heller ikkje i den nordaustlege halvdel av sjakta i plan under den maskinelle sjaktinga. Truleg ligg sjakta heilt i utkanten av eit førhistorisk dyrkingsområdet og har fått med seg ein ytterkant av dyrkingslaget.