Myrkdalen lok. 3 består av eit dyrkingslag (S3) frå høgmellomalder, 1210-1278 AD.
Lokaliteten er om lag 238 m². Den er om lag 22 m lang på det lengste og 12 m brei på det
breiaste. Dyrkingsspora er funne i prøvestikka APK30, APK31 og KR35. Lokaliteten ligg på gnr./bnr. 272/1. Den er avgrensa av ein jordkabel som går langs marka i søraust. I
nord, vest og sørvest er den avgrensa av negative prøvestikk. Sørvest på lokaliteten går eit
søkk med fuktig jord og ein del stein, med høgt gras i topp. Det er mogleg det går ei veite eller
eit bekkeløp under her. Negative stikk APK33 og KR37 er tatt på vestsida av søkket.
Dyrkingsspora består av grå sand med trekol. Laget er tjukkast, 20 cm, med mest trekol, i
KR35. Det ligg øvst i APK31, på 33 cm djupne. I APK30 ligg det 42 cm djupt og i KR35 49 cm
djupt. I APK30 og APK31 er det omkring 7 cm tjukt. Det er kompakt, raudbrun, gulbrun og grå
sand, tolka som undergrunn, under dyrkingslaget i alle dei positive stikka.