Hole lok 3: Dyrkingslaget ligg i ein bakke som heller sterkt frå nord mot sør, 350 m.o.h. Området er ei moderne dyrkingsmark. Storleika på kulturminne er 6,2 m2 og totalt areal med sikringssone er 156,2 m2.
Sjakt G inneheld ein dyrkingsrest. Laget var mørk brunt med grålig og kompakt jordinnslag. Mykje kol i jordprøven. Laget var om lag 25 cm tjukt.
Det vart teken ut ei kolprøve frå dyrkingslaget. Kolet frå sjakt G låg på om lag 45-60 cm djupne og vart sålda fram med sil under vask. Kolet vart sendt inn for C14 datering og vart datert til 1090 +/- 30 BP (Beta-526970). Kalibrert datering er AD 892-1014, det vil seie vikingtid.