Sørtveit - Steinbrudd

Kleberbrotet er ei 30 m djup hole orientert NNO-SSV. Ved dråpefallet er hola 10 m brei og kring 6 m høg, ved midten 5,5 m brei og 5 m høg og inst 4 m brei og 2,5 m høg. Golvet i hola fortset kring 5 m innover i nivå med inngangen, deretter skrånar golvet nedover. Inntil austlege vegg hallar golvet jamnt, medan det i vestlege del stikk fram ujamne bergparti. På eit nivå kring 3 m lågare enn ved inngangen fortsett golvet så flatt inn til botnen av hola. I ytste del av hola ligg noko søppel. Både i veggene og i taket er der ymse merke etter kleberuttak. Her er også ein del innritningar av nyare dato.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/64089
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=67675&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.750W, 60.141S, 5.751E, 60.141N); Bjørnafjorden