Dyrkingsflate Gjørva

I nedre del av dyrkamarka som høyrer til garden Gjørva har det vore stort jordsig, og ei tjukk oppsamling av dyrkingsjord har danna ei kraftig åkerrein. Denne var nesten 2 meter djup om tydeleg lagskilje viste 9 ulike dyrkingslag. Tjukkleiken, dateringane og pollenresultata til profilen viser at det har vore dyrking over eit vidt tidspekter på Gjørva. Ut frå radiologiske dateringar er desse sannsynlegvis knytt til tre forhistoriske fasar, ein i førromersk jarnalder (lag 9-11), ein i mellomalder (lag 3-6), og ein imellom desse med uviss datering men med eit tydeleg skilje både frå perioden før og etter. Det kan likevel vere eldre fasar på staden. Det er vidare sannsynleg at det har vore kontinuitet frå mellomalderen og fram til i dag. Lokaliteten ligg på ei flate på høgde med tunet på Gjørva, mot vestsørvest, og det er sannsynleg at det kan vere busetnad- og dyrkingsspor over heile flata.

Dyrkingsflate, 236057-1 Den eldste dokumenterte fasen er frå førromersk jarnalder, då det har akkumulert seg minst tre ulike lag. Laga består av raudbrun siltig sand, men blei opphavleg tolka som naturleg undergrunn. Det blei likevel påvist spor etter kol og menneskeleg påverknad, og det kan vere muleg dyrkingslag. Alle er daterte til førromersk jarnalder. Lag 9 er datert til 360-156 f.kr. (2170 +/- 30 BP, Beta 485914), lag 10 til 361-168 f.kr. (2180 +/- 30 BP, Beta 497681) og lag 11 til 323-205 f.Kr. (2240 +/- 30 BP, Beta 497679). Det er såleis sannsynleg at desse vart danna over ein kort periode på 200-talet f.Kr. Pollenenalysen viste likevel at det var mykje skog (80%) i lag 9, og lite spor etter beiteindikatorar og korndyrking. Det er likevel tydeleg spor etter mennesker i form av kulltsøv, samt to gjødselsoppsporer.

Dyrkingsflate, 236057-2 Den neste fasen er ikkje datert, men består av to lag med sannsynlegvis same utbreiing (lag 7 og 8). Laga består av mørkebrun siltig sand, med kolbitar, og er tydelege dyrkingslag. Det er ut frå typen sannsynleg at laga er frå eldre jarnalder. Pollenanalysen viser ei auke i talet på kolpartiklar, medan skogen går tilbake (50 frå 10 %). Det blei påvist små spor etter korn, sannsynlegvis bygg, samt mykje gjødselsoppsporer som indikerer beite. Dyrkingsflate, 236057-3 Dyrkingsflate frå høgmellomalderen, der det er sendt inn datering frå lag 3 og 6. Laga skil seg alle ut ved å vere lysare og meir siltige enn matjorda, men tydeleg forskjellig frå laga under. Den underste er ei tynn siltlinse, som truleg representerer starten på ein ny fase – mulegvis etter ei øydetid. Det var sendt to prøver frå desse laga, som begge var får høgmellomalderen. Lag 6 blei datert til 1343-1394 e.Kr. (650+/-, Beta 485915), medan lag 4 blei datert til 1210-1281 e.Kr. (780+/- 30 BP, Beta 485913). Dette dannar ein omvendt kronologi, og det kan vere at kol frå eldre fasar har blanda seg i den jorda som har blitt avsatt i åkerreina.
Gjennom denne perioden synk skogverdiane frå 40 til 15%, og landskapet har åpna seg opp på nytt. Det er også sannsynleg at områder har vist kontinuitet fram til nyare tid. Det er ingen klare brot i seinmellomalderen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/236057
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=697670&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.200W, 62.097S, 7.202E, 62.097N); Stranda