Lokaliteten er orientert austover mot den markante, myrlendte dalen som går innover Holmaneset. Det er tre positive prøvestikk i lokaliteten.
Den er lokalisert på det høgste punktet på ein svakt kurva sadel med ein nord-sør orientering. Mot nord og sør heller terrenget svakt nedover. Mot aust er torvkledd berg som heller ned til lokaliteten. Mot vest er eit bratt fall ned i dalen. I nordaust er det ein låg, svakt synleg bergrygg som strekk seg delvis inn i lokaliteten.
Vegetasjonen er tett furuskog med einer, tett lyng, innslag av bregnar og tjukk mose. Det er enkelte mindre blokksteinar i og rundt lokaliteten. Kurvaturen på sadelen er så svak at den nesten ikkje er merkbar i den tjukke mosen. Avgrensing er gjort ved ein kombinasjon av topografiske element og negative prøvestikk.
Funna ligg godt nedi ein grå silt/sand.
Funnmateriale er beskjedent med elleve avslag av kvarsitt, flint og bergkrystall i tre prøvestikk