Fanteholla er omkretsa av Tvillingholmene, nær Brattholmene i skjergarden utanfor Arendal. Holmane er nokså bare, med ei lita flate på toppen av den vestre delen av holmen. Det går ei djup og smal bukt med bratte sider mellom dei to holmane. Her er det plass til fleire båtar, og lett og legge inntil fjellet på sidene. Bukta er skjerma av holmane og utstikkande steinar på alle sider, med unntak av ei lita opning på sørsida, der ein kan gå inn med båt.
Fanteholla var ein populær stad for båtreisande å samlast og overnatte. Det er ei god naturleg hamn, skjerma frå dei fleste sider. Det er lett å legge til og komme seg i land på sidene av bukta. Nokså mange båtar kunne få plass inne i hola mellom holmane. Her var det kort veg til Arendal og øyane rundt, og båtane kunne ligge trygt her inne.