Sjakt B ligg orientert nord/sør og fylgjer eigedomsgrensa mot gnr. 23/42.
Sjakta måler 2,5x25 meter.
Sjakt B er djupare enn dei andre tre sjaktene med ei største djupn på 1,7 meter. Då kjem ein ned på berg.
Lagdelinga i sjakt B er som følgjer:
1: 25-30 cm grastorv/matjord.
2: 15-30 cm omrota, flaumutsett matjordslag.
3: 5-18 cm tjukt flaumlag beståande av lys kvit sand og grus.
4: 10-15 cm lys grålege fine masser iblanda noko trekol. Laget er tolka som eit einfasa dyrkingslag.
5: 35-40 cm med myrtorv og røter (opphavleg markoverflate).
6: Gruslag over berg.