Stølsbygningar på berg rundt diger steinblokk. Stølen blei flytt frå Ormebakkjen ned hit i 1840-åra. Stølen var felles for bnr. 4 Ytregarden (som åtte halvparten) og for bnr. 7 Sogje (som åtte den andre halvparten). I 1904 blei bnr. 7 kløyvd i to bruk, bnr. 7 og bnr. 9 (med ein fjerdepart på kvar). Eigaren av bnr. 9 bygde i 1904 ei reisverkbygd hytte, og eigaren av resten av bnr. 7 fekk då det laftebygde eldhuset, og dessutan skulle det laftebygde mjålkhuset og den laftebygde floren med løe vera felles for bnr. 7 og 9. Men i 1948 bygde eigaren av bnr. 9 i staden ei sinke-laftebygd hytte og i 2010 ei laftebygd hytte til. Eigaren av bnr. 7 slutta med stølsdrift i 1948, og eigaren av bnr. 9 dreiv stølen aleine fram til 1952, dessutan låg gamlefolket på bnr. 9 på ferie med kyr her fram til 1980. Bnr. 4 hadde laftebygd eldhus, laftebygd flor, laftebygd løe og laftebygd mjålkhus. Men i 1979 bygde eigaren av bnr. 4 i staden ei reisverkbygd hytte. Eigaren av bnr. 4 dreiv stølen fram til rundt 1950. I nyare tid blei bnr. 4 sin part seld ifrå som bnr. 28. Bnr. 7 har ingen bygningar på Lykkje lenger, men eigaren har i staden bygd hytte med Åmundstjødnèn. Konklusjon: Dei tre stølsbruka blei nedlagde i 1948, 1950 og 1952. Dei nåverande hyttene blei bygde i 1948, 1979 og 2010. Ingen av dei gamle stølsbygningane står der lenger..