Lok 21 består av busettingsspor frå steinalder, lokaliteten kan truleg daterast til Tidlegmesolitikum. Lokaliteten består av 9 funnførande prøvestikk og til saman 41 funn.
Lokaliteten ligger på mellom ca.21 og 33moh. Lågaste funnførande prøvestikk ligg på ca. 24moh og det høgaste ligg på kring 31moh.
Lokaliteten ligg på gardsnummer 18 bruksnummer 1. Lokaliteten ligg mot midten av Ivarsøy, vendt inn mot austsida av Ivarsøyvatnet. Lokaliteten ligg i eit lett skråande terreng med mykje eksponert berg. I dei siste metrane ned mot Ivarsøyvatnet i sørvest blir terrenget noko brattare. Det er ein stor knaus med eksponert berg på den sørlige delen av lokaliteten. Det er også påvist noko aktivitet på baksida en denne, mot aust.
Det blei gjort til saman 41 funn på lokaliteten. Av desse er 21 avslag (10 flint, 10 kvarts, 1 kvartsitt) 1 avslag med retusj i kvarts, 16 bitar (3 flint, 8 kvarts, 5 mylonitt), ein einegga spiss i flint, eit plattformavslag i flint og ei ryggflekke med retusj i flint.