Dyrkingslagslokalitet, Æda

På gbnr. 204/3 på Kjøde vart det registrert ein lokalitet i tre funnførande prøvestikk, JA25-26 og KR29. Registreringa føregjekk i samband med detaljregulering for Stad skipstunell.

Prøvestikka påviste eit einfasa dyrkingslag. Lokaliteten ligg i eit skråande terreng på om lag 54-60 moh. KR29 vart opna lengst aust i lokaliteten. Massane i prøvestikket var 0-21 cm torv- og matjordlag (L1), 21-41 cm mørkebrun, kolhaldig lag av sand, med nokre raudbrune flekkar i. 41-57 cm raudbrun, fuktig, siltig sand, som er tolka for å vere undergrunnen (L3). Det kjem mykje vatn opp frå undergrunnen, som gjer at massane vert flekkete og mørke i fargen. Lag 2 er tolka å vere eit førhistorisk dyrkingslag.

Det vart tatt ut trekolprøve frå dyrkingslaget. Prøva (298119VP7) har vorte sendt til C14-datering, som resulterte i ei datering frå eldre bronsealder (Betanr. 660321: 1688-1517 cal. BC).

Dei tre prøvestikka ligg innanfor plangrensa, men lokalitetsavgrensinga er noko utanfor. Plangrensa fungerer såleis som ei avgrensing mot nord, medan det bratte terrenget avgrensar typografisk mot vest. I vest er det i dag skog. Mot sør er dei to funnlause prøvestikka KR27 og KR28, før Kjøde-vegen går frå nordaust til sør for lokaliteten.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/298119
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2816481&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.458W, 62.010S, 5.458E, 62.010N); Stad