Aktivitetsområde beståande av kokegroper, eldstader og dyrkingsspor frå slutten av eldre jarnalder og frametter. Det er ikkje påvist sikre spor etter busetnad. Eldstadene og kokegropene og dei fleste aktivitetspora blei lokalitert i øvre del av terrassen, og ble undersøkt og utgrave i 2000-2001 i samband med oppføring av eit fabrikkbygg som seinare er gjort om til fritidsbustad. I området mellom dei to fritidsbustadane er det bevart dyrkingsspor frå lokaliteten. Det kan også vere potensielle strukturar, men konsentrasjonen avtek mot sør. Det er muleg kokegropene kan ha samanheng med Høvikgarden lengre oppe, men dei kan også ha samanheng til gravfeltet i vest.
Lokaliteten er avgrensa av moderne inngrep i nord og aust, av ein liten terrassekant i sør (som har blitt noko uthjamna), og av eit område med skrinnare elvemassar i vest. Her er det mykje stein og elveavsatte massar. Dyrkingslaga vert gradvis tjukkare mot sør og aust, og det er sannsynleg at området representerer den gamle tunåkeren til Høvik-garden slik den også går fram av utskiftningskartet. Den har truleg enda i ei åkerrein om lag midt på eigedomen, men denne har blitt utjamna.
Lokaliteten ligg om lag 6-8 meter over havet, noko som inneber at lokaliteten låg heilt nede ved sjøen i si samtid og at den gamle terrassen kan vere ein eldre strandvoll.
Lokaliteten måler ca 1300 kvm, men om lag 1/3 av lokaliteten er fjerna. Restarealet består i dag av hage mellom to fritidsbustadare, med ein leikeplass like nedanfor lokalitetsavgrensinga. Det er sannsynleg at dyrkingsspora fortsett mot aust, utanfor planområdet.