Uten navn

Lokaliteten ligg på innmark. Terrenget i austleg del er svakt hellande nedover mot vest, kor det flatar meir ut. Rett vest for lokaliteten er det potetåker. I sørleg del er den avgrensa av funnlause sjakter. Rett aust for lokaliteten går hovudvatningsveita i området og vidare austover er det kupert terreng med mykje stein, og kampestein. I nordleg del grensar lokaliteten til ein traktorveg. Rett nord for vegen er det store areal med morelltre.

Lokaliteten består av 7 positive sjakter (2, 3, 6, 7, 8, 9, 10). Det vart registrert fleirfasa dyrkingslag i sjaktene. Fyrst vart sjakt 1 og 2 grave og begge var negative. Vidare vart sjakt 3 grave og her vart det observert dyrkingslag. Det vart da valt å gå tilbake til sjakt 2 for å grave djupare i den og sjå om kunne vere dyrkingslag under rasmassar der. Det var grave djupare i kvar ende av sjakt 2 og det vart observert fleirfasa dyrkingslag under rasmassar begge stader.

Det øvste dyrkingslaget i sjakt 2, 6, 7, 8, 9, 10, og dyrkingslaget i sjakt 3, vert tolka for å vere same dyrkingslag. I sjakt 7 vart dette laget (L3) datert til yngre bronsealder (900-803 cal BC). Det nedste dyrkingslaget i sjakt 2, 6, 7, 8, 9 og 10 er tolka for å vere det same laget. I sjakt 7 vart dette laget (L5) datert til seinneolitikum (1974-1868 cal BC). I fleire av sjaktene (hovudsakeleg sjaktene i austleg del av lokaliteten) ligg dyrkingslaga under opp til fleire meter med rasmassar. I vestleg del av lokaliteten ligg dei mykje grunnare, enten under opptil 20 cm med rasmassar eller rett under matjorda.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/324026
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3100871&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.645W, 61.038S, 7.646E, 61.039N); Lærdal