Lok 1 Kvile

Lokaliteten ligg i oppe i sørvend li, i nordlegaste delen av eit jorde. Prøvestikk i sida av eit bekkefar.

Lokaliteten består av eit eldre dyrkingslag. Strukturen har nemninga 4BF1. Dyrkingslaget vart funnen i sida av eit bekkefar i den nordlegaste delen av eit jorde. Stratigrafi en består øvst av ein halv meter moderne matjord, så følgjer 20 cm med eit svart, særs trekolhaldig sandlag. Dette laget inneheldt ein del stein. Det er uklart om denne steinen skal tolkast som skjørbrend eller berre forvitra. Eit 10 cm grått sandlag skil dette trekollaget frå eit nedre trekollag. Dette nedste trekollaget er om lag 15 cm tjukt. Det manglar dei store trekolbitane som er i det øvre trekollaget. I botn ligg eit grå - raudt gruslag. Ved fyrste augekast kunne desse trekollaga minne om ei kokegrop. Bekkefaret vart undersøkt austover og vest over. Minst eit av trekollaga strekk seg vidare utover. Difor er 4BF1 tolka som dyrkingslag.

Dei to trekollaga blei datert. Det nedre laget (4BF1 L4) gav datering til 1840 +/ - 30 BP (Beta - 441911). Det gav kalibrert datering til 85 - 240 år e.Kr., det vil seie hovudsakeleg eldre romartid (0 - 200). Det øvre trekollaget (4BF1 L2) er datert til 1670 +/ - 30 BP (Beta - 441910). Med kalibrert datering vil det seie innanfor tidsromma 265 - 275, 330 - 420 eller330 - 420 år e.Kr. Det tilseier datering til yngre romartid (200 - 400).

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/222777
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=200870&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.403W, 61.746S, 6.403E, 61.746N); Gloppen