Lok. 206, kvartsbrudd

Lok. 206 på E39 Stord-Os

Lokaliteten ligger i ei kløft i terrenget mellom bratt berg i aust og en bergknaus i nordvest. Flata heller noko mot sørvest. Flata er våt og det renn ein del vatn inn frå sør, flata er tett tilvekst av lyng og brakebuskar. Aktiviteten ligg konsentrert inn mot bergveggen i aust. Ved botnen av bergveggen i aust går det ei åre med kvartsitt, åra ligg i overgangen til torva. Bergveggen består av granitt med fleire smale årer med kvartsitt.

Lokaliteten består av tre funnførande prøvestikk og til saman 4983 funn. Det blei grove to stikk inn mot bergveggen, desse innehaldt mykje kvartsitt. Funna ligg tydleg konsentrert inn mot bergveggen. Det var dårleg innmålingsforhald og innmålingane er truleg noko unøyaktige.

Det er eit funn i kvarts resten er i kvartsitt. Majoriteten av funna er avslag (4776)

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/303883
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2915430&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2023
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.378W, 59.991S, 5.378E, 59.992N); Tysnes