Fra utgraving: Det ble åpnet et lite felt rundt fylkeskommunens prøvestikk og anlegget ble avskrevet som ovnsanlegg.
Fra registrering: Lokalitet 3 er eit mogleg omnsanlegg avdekka i eit prøvestikk (HA31) i ei nordvendt skråning, om lag 5 meter sør for lokalitet 1. I prøvestikket ble det funne fleire heller og ein del forvitra stein som virka eldpåverka. Det vart og funne noko trekol, men truleg er ein del utvaska på grunn av ein del vassføring i skråninga. Omnsanlegget var dekka av eit mellom 20 og 25 cm tjukt matjordlag. I botn av prøvestikket var det ein del vertikalt stilte hellar. Det er usikkert om desse har med anlegget å gjøre eller om det er forvitra berg som har sprukke opp. I eit av prøvestikka ble det dokumentert eit sjikt med raudbrun sand. Truleg er sanda varmepåvera/brent. Djupna på anlegget er på 20 og 30 cm, men truleg har det blitt forstyrra av seinare bearbeiting av jorda. Jordmassene i prøvestikket ble solda, men det vart ikkje gjort funn. Ein 14C-dateringsprøve (VP2) ble tatt ut frå eit trekolsjikt i profilen mot nord. Trekolet ble datert til eldre steinalder, ukal. 6440 +/- 50 BP / kal. 5480-5320 f.Kr. (Beta-286841). Lokalitet 3 ble i byrjinga antatt å vere frå jarnalder, men 14C-dateringa tydar på at det kan vere frå eldre steinalder. Det kan likevel tenkas at det er eit jarnalders omnsanlegget som er blitt grava ned i eit eldre lag og at trekolet ikkje stammer frå aktiviteten knytta til omnsanlegget, men frå aktivitet frå eldre steinalder.