Sjakta måler 8,5 meter x 1,5 meter og orientert parallelt med servicebygget i aust/vestleg retning. Djupna er størst i vest i bakkehellinga med ei djupne på 1,8 meter. I aust er terrenget flatare og sjakta er som følgje grunnare med ei djupne på +/- ein meter.
Eit 20-25 cm tjukt trekolhaldig dyrkingslag er synleg i begge profilane i heile sjakta si lengd. Laget har likevel ei tydeleg avgrensing i vest, medan vi må gå ut i frå at dyrkingslaget har hatt ei større utbreiing i retning nord, sør og aust. Utbreiinga som heilskap er likevel truleg påverka i stor grad av alle moderne inngrepa i område.
Det er derfor naturleg å tolke det påviste funnet som ein rest av ei tidlegare åkrerflate/åkerreine.