Dyrkingslag Ryggskaret

Førhistorisk dyrkingslag registrert på Ryggskaret, gbnr. 12/8. Dyrkingslaget vart påvist i sjakt ved maskinell flateavdekking i april 2021.

Dyrkingslaget ligg på 45-70 cm djupne. Dyrkingslaget er trefasa. Øvst er eit 9 cm tjukt gråbrunt, kompakt, siltig lag med noko trekol i. I midten ligg eit 8 cm tjuk brunt, silthaldig lag med noko stein og ein del trekol i. Nedst ligg eit 8 cm tjukt trekollag som er mørkebrunt og silt- og sandhaldig. Undergrunnen er eit raudoransje sandlag med noko småstein i.

Datert til førromersk jarnalder og romertid.

I brev av 1.07.2021 vart det gjeve løyve til inngrep i lokaliteten grunna graving av VA-grøfta, men vidare utstrekning av lokaliteter er automatisk freda. VA-grøfta kryssar lok. midt på, den går nord-sør og er om lag 2,20 m brei.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/276620
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2421527&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2021
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.125W, 61.772S, 6.126E, 61.772N); Gloppen