Lokaliteten ligg på ein moreneterrasse som består av veldrenerte moreneavsetningar med ein del stein. Flata har ei naturleg avgrensing mot nord og aust der terrenget skrånar brått ned mot Steinsdalselva. Lokaliteten er avgrensa av gardstunet på gnr. 15 bnr. 3 i aust og av vegen i sør. Det er stor sannsyn at lokaliteten held fram på same flata mot vest inn på gnr. 16, bnr. 1.
Den er definert ut i frå sju sjakter, der fem er funnførande. Til saman er det påvist 38 strukturar og lag, der 11 er tolka som kokegroper, 13 som groper med uviss funksjon, fem strukturar som lag og/eller lagrestar og ni som flekkar/fyllskifte. To funntomme sjakter (nr 108 og 109) er tatt med i lokaliteten av samansette årsaker: Undergrunnen her består av veldig laus grus og mange store steinar, og dei lokale tilhøva kan vera årsaka til at alle førreformatoriske spor er pløgd bort.
Det er to dateringsprøvar frå lokaliteten som vart sendt til analyse. Det vart prioritert å datera kokegrop kontekstar: Ei kokegrop i nordleg del av lokaliteten som fekk datering til yngre bronsealder (1048 – 896 BC) og ei i sørleg del som fekk datering til merovingartid (668 – 775 AD). Lokaliteten er tolka som eit aktivitetsområde frå yngre bronsealder og yngre jarnalder.