Helleren er 9 m djup, orientert NO-SV, 6 m brei ved opninga og 2 m høg. Innover smalnar han noko av og takhøgda vert like eins lågare. Helleren vert i dag nytta som opplagsstad, men han syner spor etter kleberdrift. Tilleggsopplysningar : Helleren vart også registrert av Knut Johan Nerhus i 1987 i samband med kleberbrotsregistreringane hans som lok. KJN-27. Han skildrar helleren slik : Sjølve Båtahidleren er eit 10 m djupt og 5 m breitt og 2 m høgt utpikka fjellhol som ligg på grensa mellom dei to bruka. Det meste av arbeidet har likevel truleg gått føre seg under open himmel. Det er arbeidsmerke i fjellet 40 m mot vest til fossen. Austover har det vore arbeidt i 60 m lengd tvers over heile Sjoastykket og her er det store avfallsmengder. Inst i helleren er det hogge inn eit årstal i fjellet, utydeleg i dag, men må nærast lesast slik : ANNO 1888.