Heilt nordvest i planområdet, mellom Roald Amundsens vei og Sarpsborgveien og rundt 50 meter nordvest for ID 116768, er det restar av eit kulturlag vi kan sjå i enden av sjaktene. Det er rundt 10 cm tykt på det tydelegaste – gråbrunt i fargen med innslag av trekol. Det forsvinn gradvis mot søraust, medan i nordvest vert det brått kutta av ein stor, moderne nedgraving – truleg hovudvassleidninga mellom Sarpsborg og Fredrikstad.
Terrenget stig svakt nordetter. Eg reknar difor med at vi her ser restane av det kulturlaget som vart påvist i ID 106318 på andre sidan av vegen – radiologisk datert til yngre bronsealder.
Kulturlaget er synleg frå S8-12. Undergrunnen er gulgrå silt/leire.