Storhedder (Storheller) og Skutesteinen

Under helleren (skutet) av Skutesteinen ligg det ein mur som må ha vore brukt som bogestille. Under helleren (skutet) av Skutesteinen er det eit lite naturleg hol gjennom ein liten nedstikkande kjøl der ein kan hengja opp saker og ting. Under helleren (skutet) av Skutesteinen er det gjort mange innrissingar: 7 hestar, 7 reinar, 2 elgar, 2 revar, 2 andre dyr, ei femtakka stjerne, ein hakekross, fleire stjerner, 7 oppramsingar av dei fyrste runestavane og 11 andre runerekkjer der det m.a. står "Vivil budde her", "For deg er kvila hard", "Gunnar", "Gunne", "ST", "Reidar rissa" og "Eg ville velja meg den møy som er fagrast i verda". Diverre har folk også i nyare tid rissa inn bokstavar og årstal. Eit opplysningsskilt om at det er forbode å rissa inn meir, må vedlikehaldast. --- Rundt 30 m nord for Skutesteinen finst nedgangsholet som fører gjennom ein 3 m lang gang som svingar til venstre ned i den nedgangshola nede i ura som er den eigentlege Storhedder. Storhedder er eit mørkt, lognt og innestengt rom på 20 kvadratmeter nede i ura med takhøgd på 1-2 m. Der er liggjeplass til 4 på den steinfrie delen av golvet nede under Storhedder, og der er rissa inn ein rein under taket.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/158234
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=196800&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2016
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.163W, 59.654S, 7.164E, 59.655N); Bykle