Herstølodden

Husmannsplassen Herstølodden blei rydda rundt 1830 av Kristen Ånundsson gift med Anne Kristine Knutsdotter. Frå 1865 overtok Anna Elisabet Kristensdotter, gift med Tarald Olsson Lauen frå Lauen i Hægebostad sokn. Her blei Elias Taraldsson fødd i 1867. Elias gifta seg med enkja på sjølve Herstøl og flytta dit saman med foreldra sine i 1889. Herstølodden blei liggande øyde frå 1889, men innmarka på Herstølodden blei likevel slått av dei på sjølve Herstøl i lang tid etterpå. Både Tarald og sonen Elias hadde kunstnarevner og dreiv med treskjering av både knivar og tiner, og dei laga lommebøker i skinn. Både Tarald og Elias kunne mange slåttar som dei spelte på fele, og mange av slåttane hadde dei i tradisjon frå Hægebostad sokn. Nå viser berre tuftene etter husmannsplassen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/236846
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2628905&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2022
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.318W, 58.072S, 7.318E, 58.072N); Lindesnes