Dyrkingslagslokalitet, med funn av fleirfasa dyrkingslag fordelt i to funnførande sjakter. Registrert i samband med Områdeplan for Sande sentrum.
Sørleg profil i sjakt 3 vart dokumentret, og stratigrafien der er som følgjer:
0-27 cm torv og gråbrun matjord (L1)
27-40 cm gråbrun homogen silt med innslag av trekol (L2)
40-91 cm grushaldig, gråbrun silt med enkelte store trekolbitar med ein del småstein i (L3) (DL1)
91-101 cm grå sand med raudleg silt med større trekolbitar i (L4) (DL2)
101-106 cm grå, noko feit, trekolspetta, pulverisert silt (L5) (DL3)
106-121 cm grå silt med innslag av småstein (L6) (DL4)
121-134 cm gråsvart, feit silt med nevestor stein i og mykje pulverforma trekol (L7) (DL5)
134-136 cm lysebrun, fin sand (L8)
136-137 cm gråsvart, feit silt med nevestor stein i og mykje pulverforma trekol, likt som L7 (L9) (DL5)
137-142 cm gråbrun kolspetta silt (L10) (DL6)
142-150 cm raudoransje silt (L11)
Dyrkingslaga var synlege vestleg halvdel av SJ3 og i heile SJ4. Profilen i sjakt 3 vart tolka for å innehalde seks dyrkingslag. Det vart sendt inn dateringsprøve frå L10. Prøva resulterte i ei datering frå førromersk jernalder (Betanr. 666685, 364-150 cal. BC).