Smalhusåkeren sjakt 3

Beskrivelse fra lokalitet: • I ei sjakt (sjakt 3) lagt noko lenger vest for sjakt 2 viser det seg eit klart markert sjikt som inneheld finkorna trekol. Topografisk har dette laget truleg ingen direkte samanheng med laget i sjakt 2. Terrenget er bratt og laget er truleg eit resultat av avsviing i gamal tid. Det som er særskilt med laget er at mykje av det er innkapsla i eit lag med torvmose. Avsviinga har slik gått forut for ei forsumping av terrenget. I Storemyra lenger nordaust på Fonnes har botaniske undersøkingar vist at det vart gjort ei avvsiing av området i seinneolitikum, kopla opp mot opptaket av jordbruk og husdyrhald. Laget kan vera ein rest av denne første avsviinga. Strategrafien på funnstaden er delt mellom eit dyrkingslag i dag berre harva, under dette laget på mellom 10-30 cm. kjem eit gamalt åkerlag dette varierer i tjukne frå vel 20 - 35 cm. Dette laget er heilt eller delvis forstyrra av pløying. Under dette kjem det i nordre kant av lokaliteten fram eit lag med sand, trekol og oske på vel 15 cm. i snitt. I søre ende av lokaliteten er det ikkje registrert noko kulturlag, men jorda er her mykje snudd, jorda er her svartare på farge enn andre stader der den er brun. Funnmaterialet er avslag i flint. Dette daterer lokaliteten til steinbrukande tid. Truleg er funna i sjakt to yngre enn tidlegneolittikum og får ei datering frå siste del av seinneolitikum og fram til og med eldre jernalder. Det er ikkje gjort funn av sikre konstruksjonsspor og det er difor nærliggjande å sjå dette som utkanten av eit gamalt tunområde.

Beskrivelse fra Enkeltminne: fossilt åkerlag der nedre del er bevart.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/229168
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=156627&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2017
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (4.978W, 60.800S, 4.978E, 60.800N); Austrheim