Beskrivelse fra lokalitet:
Steinbrot, 250 x 60 m N-S. Her er minst tre gruver i grønsteinen som utgjer om lag midtre tredelen av holmen. Det største brotet er ca. 15 (ikkje 30) m breitt i fronten og er 7-8 m djupt på begge sider av ein 3-4 m brei stuv som står att midt i, 5-6 m fram frå bakveggen. Høgda på bakveggen er minst 4 m. Golvet er påfallande flatt, 6 moh. Her må då vere brote minst 350-400 S(3). Sjøbotnen utanfor vitja ved prøvedykk 1975 (Christian Keller o. a.). Botnen (sand) ligg på - 27 m, her ligg ei 12 m høg røys av avslag, øksemne og blokker opp til 1 tonn eller meir.(C.....). Grønsteinen her er meir finkorna enn annan grønstein som ein kjenner, og finst brukt i våpen og reiskap over heile Hordaland. Ein tidligare fastslått bruk over heile Vestlandet held ikkje: det er stein i Florø-området som er brukt heilt overvegande i Sogn, Nordfjord og Sunnmøre. Sjå Flora herad. Prøver på steinen er B 9311 og B 12106. Bilete: Kolderup 1925 fig. 1-2; Fægri 1944 Pl. 2; Shetelig 1930 fig. s. 20; Shetelig 1945 fig. 8; Gjessing 1945 fig. 19; Nerhus 1955 fig. s. 41; Hinsch 1956; Sjurseth 1961 første pl. mot s. 488; Øysang 1966 fig. s. 40; Hagen 1967 a pl. 4; Hagen 1967 b pl. 4; Hafsten 1972 fig. 10; Refleks A-E 1972 fig. s. 123; Karlsen 1973 s. A7; Lothe 1976 fig. s. 7, 9; Holm-Olsen 1973 fig. s. 1.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hespriholmen inneheld fleire spor av steinbrot. Grønsteinen har vore brukt gjennom store deler av steinalder. Fangsfolket i eldre steinalder byrja bruken av holmen til steinbrot. Det fortsatte langt inn i yngre steinalder, då jordbruket etterkvart blei viktigere, og erstatta det tidligare fangstsamfunnet.