Myrkdalen lok. 1

Myrkdalen lok. 1 består av eit dyrkingslag (S1) frå høgmellomalder, 1157-1266 AD. Lokaliteten er om lag 257 m². Den er om lag 21 m lang og 12 m brei. Dyrkingsspora er funne i prøvestikka APK14, APK15, KR14, KR15, KR16 og KR17. Lokaliteten ligg på gnr./bnr. 277/2. Den er avgrensa av vegen i søraust og av ein jordkabel med traktorveg over i nordvest. I sørvest er den avgrensa av negative prøvestikk APK12 og KR18, og i nordaust av negativt prøvestikk KR19. Det går også ein grusveg i nordaust, og jordkabelen fortsett under marka i denne retninga. Sørvestre del av marka er prega av veiter. Dyrkingsspora består av grå, litt fuktig sand med trekol. Laget ligg på varierande djupne rett under matjorda i prøvestikka. Det ligg øvst i KR15, på 12 cm, og djupast i KR16 og KR17 på 29 cm. Dyrkingslaget er mellom 5 og 21 cm tjukt. Under dyrkingslaget er det oransjebrun/grå kompakt sand, tolka som undergrunn, i alle prøvestikk bortsett frå APK14.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/324047
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=3101449&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2024
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.464W, 60.840S, 6.464E, 60.840N); Voss