Hjelle

Sterkt trekolhaldig område vart påvist ved kommunal graving for oppføring av kloakkfiltreringsanlegg. Ved utgraving i 2002 vart det påvist tre tufter som står radiært inn mot ein rund gardsplass. Ut frå storleik på husa og vinkelen mellom dei, kan det ha stått 10-15 hus inn mot den felles gardsplassen, og sannsynlegvis ligg om lag halve tunet inne på naboeigedommen i sør, Hjelle hotell gbnr. 20/17. N for påviste tufter låg eit felt med kokegroper og eldstader. Langs A-sida av tuft A blei det avdekka eit mektig avfallslag med mykje eldpåverka stein. Hustuftene er etter overflatedokumentasjon og avgrensa snitting, sikra ved tildekking med fiberduk, sand og matjord. Kloakkfiltreringsanlegget blei etter dispensasjon og utgraving oppført N for tuftene.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/95319
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=85094&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2005
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.111W, 61.915S, 7.113E, 61.915N); Stryn