Ved snitting av rydningsrøysa ‘s7’ (sjå Teita rydningsrøyslokalitet) vart det lokalisert fleire ulike lag i profilen under røysa. Prøver vart tekne av dei fleste av laga, primært for å få ei datering av røysa. I denne prosessen skil lag 4 seg ut frå dei andre laga ved at det er høg konsentrasjon av trekol i det. Det har ein feittete tekstur og ei tjukne på 5 - 20 cm. Laget er noko oppstykk a, men det er forventa at det fortset utover i området rundt. Lag 4 er tolka som eit dyrkingslag.
Dyrkingslaget ligg i nedrekant av ein slak terrasseskråning i tidlegare overflatedyrka mark.