Dyrkingslokalitet 1 Storebø

Dyrkingsflate på bnr. 58: I sjakt 3-5 vart det funne spor etter eldre dyrking/åkerbruk. Undergrunnen i desse sjaktene verkar meir eller mindre uforstyrra av moderne påverknad. Det er i hovudsak skrint og ein treff rett på berg lengst sør i sjaktene. Frå område kor terrenget skrånar er det djupare ned til undergrunn. Det er i dette området dyrkingslaget er bevart. Dyrkingslaget var synleg i nordre del av sjakt 3 og 4 og i heile sjakt 5. Dyrkingslaget var tydelegast i sjakt 3, medan det er tynnare i sjakt 4 og 5. Dyrkingslaget er eit mørkt gråbrunt lag med jord, dette er eit svært kol- og sandhaldig lag. Profilen viser eit lag som er i frå 7 til 18 cm. tjukt. Liggande over er det og matjord, dette laget er då det moderne landbruket. Under det førhistoriske åkerlaget er eit lysgrått til gult farga sand- og silthaldig undergrunn. Undergrunnen har bitar av trekol og er tydeleg utvaska. Ei trekolprøve (241011- VP2) frå dyrkingslaget i sjakt 3 vart sendt til C14 analyse og vart datert til 2240+/- 30 BP/ 390-205 Cal BC, altså til førromersk jernalder. Dyrkingslaget er naturleg avgrensa i sjaktene i seg sjølv mot sør. Det er og tatt fem negative prøvestikk. Moderne inngrep som røyr og kablar har og endra og fjerna dei eldste spora. På flata går det og ei høgspentleidning lengst nord som følgjer retninga på vegen. Med tanke på tryggleik måtte undersøkinga halde god avstand til anlegga. Kloakken frå bustad går og i same trase, berre noko nærmare sjaktene. Like aust for sjakt 4, går og vassleidninga til husa mest diagonalt over marka. Det er difor ikkje grave tettare inn mot bustad.

Utgraving 2024: Det ble gravd tre sjakter innenfor lokaliteten og påvist dyrkningslag (en fase) i samtlige sjakter. Det ble tatt ut en trekullprøve fra laget i den ene sjakten, denne har fått en datering til førromersk jernalder, og samsvarer med dateringen fra registreringen i 2018. Det er tatt inn pollen- og makrofossilprøver som er under analyse.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/241011
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=958725&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2018
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.229W, 60.094S, 5.229E, 60.094N); Austevoll