Gravskardet - Å236

Ein traktorveg, arbeidt 1989, avsløra fornminna ved at det kom til syne kol i vegskjeringa. Ikkje eingong den store gropa var kjend tidlegare, avdi ho var tilvaksen med fleire hengegraner. Alle dei 3 gropene har fått den nedre (SV-re)vollen litt skadd. Omlag 70 m sør for den store gropa (B), nede i lia finst ei tuft. Denne kan vera frå etterreformatorisk tid, men har ingen tradisjon. Det syner ein kvadratisk grunnmur, 3,5x3,5 m utv. mål. Høgde i nedre kant 40-50 cm. Eldstad i N-re hjørna. Inngang (helle) frå SV. Jordvoll (truleg nedrasa frå jordtak) på NV-re sida. Omlag 20 m lenger sør ogso ei lita tufteliknande utplanering i bakken, men mykje mindre og utydelegare enn den andre tufta. Ein bratt, slett bakke like ved kan tyde på åkerflekk.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/120679
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=182757&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Buskerud fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2009
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (8.708W, 60.677S, 8.708E, 60.678N); Ål