Staden vart oppsøkt ut frå opplysningar i bygdeboka for Samnanger frå 1930 og ut frå kartløysinga Hordanamn, Universitetet i Bergen. Bygdeboka seier at det i gammal tid vart teke ut mykje kljåstein. "Det er som ei stor stova i Berget, derav namnet Munkestova, der ein kann sjå korleis steinen hev vorte kila og hoggen ut or berget, og sume stader er der funne leivder etter lunnegrindar i jordi, der dei drog steinen ned til strondi".
Sjølve hola er ikkje så stor som ein kan få inntrykk av i bygdeboka (dersom det er rett hole som er påvist). Den er i underkant av 1,5 meter i høgd ved opninga, vel 2 meter djup og noko usymmetrisk i breidda. Det er tydelege hoggemerker ved inngangen, og inni kan ein sjå minst to gryteemner i som står att i veggen. Ca. 30 meter mot sørvest er det hogge inn initialer og årstal i berget, eldste 1916 og yngste 1995. Det er mogleg at det finst fleire uttak i området då det ser ut til å vere fleire årer i berget.