Utsjånad:Haugresten er svært uklårt markert, men tverrmålet tykkjest vera kring 5 m. Heile den nordaustlegaste delen er borte. Det er to store søkk eller utkast, eit i den nordvestre delen av haugen og eit i den søraustre, slik at det i stor grad berre vert haugkantane som er syneleg. Høgda på desse er mellom 1/4 og 1/2 m. Haugresten er dekt med grastorv og noko mose, men ein merkar steinane under. Mot V, N og O er haugen omgjeven av grasmark, mot S går det brattare bakkar og hamrar ned mot sjøen.Funn:Frå haugen kjem Å 995-95 - glasperler og krossforma spenne.