Sætermiljøet Sætrehola med fire tufter etter sommarfjøs, eit for kvar av dei fire bruka på Bjåstad. Sommarfjøsa var i bruk frå kring 1880 til omlag 1915. Etter 1915 vart det sett opp ny sæter for bruka på Bjåstad, lenger opp og nord i fjellet. Drifta her varte fram til slutten på 1940 åra. Då dei rydde opp tuftene til fjøsane i Sætrehola, fann dei restar av gamle murar nedi jorda, så det synte seg at der hadde vore bygt før. Nedanfor fjøsane er der ein stor flat stein. Gamlingane på Bjåstad brukte å seie når dei var der oppe: «Der hev vore ete mang ei mjølkeringe på denne steina». Frå
starten av overnatta dei ikkje i Sætrehola, men dei gjekk til fjells på ettermiddag for å finne kyrne og mjølke dei. Ofte fann dei kyrne heilt ut med Mosvatnet eller i Skålanoklane. Så bar dei mjølka heim att, for så å gå opp att klokka 5 om morgonen. Harald Bjåstad (fødd 1900) har fortalt at han tok til å mjølke rundt 1912, og dei laga seg telt av sekkestrie ovanfor Sætrehola, der dei overnatta. Seinare vart det bygd eit lite sel der mjølkarane kunne overnatte. Der vart bygd 3 fjøsar til endes, men den fjerde fjøsen (bruk 5) vart sett opp litt nedanfor. På Bjåstad vart det i kring 1895 starta meieri som vart kalla Hareidsdalen meieri. Meieriet vart lagt ned kring 1920, etter at det kom meieri i Ålesund sentrum (Buholmen). (Kjelde: Bygdebøkene for Ulstein og Hareid)
Kulturmiljøet er rydda og sett i stand med informasjonskilt i regi av Trimgruppa, Hareid Idrettslag.