Myrkdalen lok. 2 består av eit dyrkingslag (S2) frå merovingartid, 664-775 AD. Lokaliteten er
om lag 224 m². Den er om lag 20 m lang og 14 brei på det breiaste. Dyrkingsspora er funne i
prøvestikka APK21, APK23, APK24 og KR28. Lokaliteten ligg på gnr./bnr. 275/1.
Den er avgrensa av vegen i søraust og skog i nordaust. Inni skogen går ei elv. I sørvest er den
avgrensa av negative prøvestikk APK22, KR27 og KR54 og i nordvest av negativt prøvestikk
KR29.
Dyrkingsspora er funne i nærleiken av der gravhaugen på Hyrt (Askeladden id. 249801) låg.
Graven hadde gjenstandar frå yngre jernalder.
Dyrkingsspora består av brun, litt fuktig, finkorna sand med trekol. APK21 har ei tydeleg linse
med trekol i botn, og i dei andre prøvestikka er det trekolbitar i heile laget. Laget ligg øvst i
APK23 og APK24 på 20 cm djupne. Det ligg 30 cm djupt i KR28 og 35 cm djupt i APK21.
Dyrkingslaget er mellom 10 og 25 cm tjukt. Det er kompakt, oransje, grå og brun sand, tolka
som undergrunn, under dyrkingslaget i alle dei positive prøvestikka.