Dyrkingsflate registrert med maskinell sjakting i samband med detaljreguleringsplan for fv. Høyheimsvik-Nes, Luster kommune. Registrert av Vestland fylkeskommune i april 2024.
Det er to funnførande sjakter innanfor lokaliteten. Terrenget skrånar noko frå vest og ned mot fjorden i aust, og lokaliteten ligg på om lag 4-7 moh, og er 192 m 2 stor. I sør er lokaliteten avgrensa med ei elv som renn frå vest til aust. I aust står det naust og området er forstyrra av moderne aktivitet. Vestover opphøyrer funna i sjakt 3.10, i tillegg til at sjakt 3.15, som ligg endå lenger vest, er utan funn. Mot nord vart det ikkje grave vidare på grunn av tiltaksgrensa.
Det er to sjakter innanfor lokaliteten, 3.10 og 3.11, og begge har funn av dyrkingslag. Sjakt 3.10 er 23,80 cm lang, 4-5 m brei og 100 cm på det djupaste. Det er grunnare i vestleg del, der er det 30-40 cm før berg i botn, nokre stader er det lys, gråbeige silt som er undergrunn der. I austleg del er det opp til ein meter djupt og ned på berg i botn. Det er ein del moderne forstyrringar i form av grøfter i vestleg halvdel av sjakta. I austleg halvdel av sjakta er det påvist eit einfasa dyrkingslag.
I sjakt 3.10 vart nordleg profil dokumentert. Den er profilveggen 72 cm høg, og stratigrafien er som følgjer:
L1 0-10 cm torv
L2 10-31 cm brun, siltig matjord
L3 31-50 cm brun til beige sandhaldig silt med ein del stein i
L4 50-67 cm grå til gråbrun, trekolspetta, sandhaldig silt med noko småstein i (DL)
L5 67-72 cm grå grus og småstein (undergrunn)
3.11 ligg rett aust for sjakt 3.10. Sjakta er 7,3 m lang, 4 m brei og om lag ein meter djup. Undergrunnen i sjakta er grå silt og grus. Vestleg profilvegg vart dokumentert i sjakt 3.11, i senter av sjakta. Der er profilveggen om lag ein meter høg, og stratigrafien er som følgjer:
L1 0-11 cm torv
L2 11-28 cm brun, siltig matjord
L3 28-53 cm brungrå, trekolspetta, sandhaldig silt (DL)
L4 53-79 cm mørkegrå til grå, trekolspetta silt (DL)
L5 79-100 cm grå grus og silt (undergrunn)
L3 og L4 er tolka for å vere førhistoriske dyrkingslag.
Det vart sendt inn ei dateringsprøve (319353VP71) frå nedste delen av L4, henta ut frå 53-79 cm djupne, til datering i etterkant av registreringa. Dette resulterte i ei datering til overgangen frå høgmellomalder til seinmellomalder (Betanr. 696132: 48,5% 1312-1362 cal.AD, 46,9% 1386-1428 cal.AD/560 +/-30 BP).
Rapport frå den arkeologiske registreringa ligg på id. 319348.