dyrkingslokalitet - Stavlandskleivane

Einfasa dyrkingslag/fossilt åkerlag, lokalitet ligg på gnr.108, bnr. 6. Den ligg om lag midt i planområdet, og vert avgrensa til den vest-nordvest vendte hellinga som ligg like vest for Id 262771. Lokaliteten vert naturlig avgrensa av terrenget i seg sjølv og av nærliggande negative sjakter. I den smale graskledde hellinga vart det grave to sjakter (sjakt 15 og 16), dyrkingslaget er til stades i begge to, i heile sjakta.

I sjaktene (sjakt 15 og 16) kor dyrkingslaget vart påvist er det 30-40 cm med silt- og humushaldig gråbrun matjord i toppen. Under dette følgjar dyrkingslaget, som kan skildrast som siltig og svært kolspetta gråbrun jord. Det er noko meir minerogent enn laget over, og om lag 40 cm tjukt. Under er 15 til 20 cm med gulbrun kolspetta sandhaldig silt, truleg noko utvaska kol frå laget over, til sist er oransje sandhaldig silt. Det vart teke ut ei prøve frå sjølve dyrkingslaget, lag 2 (VP 9) og ei prøve (VP 5) frå laget under (lag 3). Det vart prioritert å senda inn prøven VP 9. Prøven vart C-14 datert til 2980 +/- 30 BP / 1297-1111 cal BC, altså slutten av eldre bronsealder.

Utgraving 2023: Det ble gravd en sjakt igjennom lokaliteten og undersøkt en profil med dyrkningslag.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/262773
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=2076168&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2019
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.155W, 59.790S, 5.156E, 59.790N); Bømlo