Lokaliteten ligg på Kollesæte i Råsdalen, Lærdal kommune. Den ligg på ei opa flate, rett aust for elva Nivla, og vest for Kollesæthaugen. Terrenget er hovudsakeleg flatt med noko slakt hellande parti i nordaustleg del av lokaliteten. Det vart grave til saman 21 prøvestikk på flata. Lokaliteten definerast av 9 funnførande prøvestikk og 4 tufter, og dei resterande 12 prøvestikka er funnlause. Den er avgrensa av negative prøvestikk mot nord og vest. Mot aust og sør vert den avgrensa av topografien, kor terrenget heller rett nedover mot og i elva.
Lokaliteten består av fire tufter (T5-T8) og 8 funnførande prøvestikk (AS2, AS4, AS6, AS17, RET7, RET11, RET23 og RET24). I dei funnførande prøvestikka er det gjort funn av ei kokegrop, eldstad, avsviingslag og dyrkingslag. Funn frå tre av prøvestikka er datert. To av dei resulterte i førhistorisk dateringar, merovingartid (kokegrop) og høgmellomalder (eldstad frå tuft). Siste vart eit avsviingslag datert til etterreformatorisk tid, 1800-tallet
På grunn av mykje vegetasjon i området, kan det vere fleire tufter her som ikkje vart oppdaga på registreringa